Handelskampanjen

Handelskampanjen

Digital økonomi

Digital økonomi blir stadig viktigere og kontroll over råmaterialet (dataen) blir avgjørende

(Toronto har gitt ansvaret for deler av sin infrastruktur til Google som skal utvikle Toronto til en smart-city. Flickr/Fionn Luk).

Tilgang på data er kjernen i utviklingen av flere digiale tjenester og internett-oppkobla produkter. Hvem som får tilgang på denne dataen blir viktig for hvem som sitter med råmaterialet i den digitale industrialiseringen.

Flere store it-selskaper krever fri flyt av data over landegrenser og forbud mot å kreve lokal datalagring.

Her er det viktig å forstå at fri flyt av data ikke betyr det samme som fri flyt av informasjon. Fri flyt av data betyr heller ikke at alle har fri tilgang på den dataen. Tvert imot, det er de internasjonale it-selskapene som eier majoriteten av dataene. Fri flyt av data vil innebære at data som vi produserer vil fortsette å strømme rett inn under kontrollen til de internasjonale it-selskapene.

Fri flyt av data vil også bety at data som vi produserer i Norge kan lagres i Kina eller USA, og det er usikkert hva slags konsekvenser det har for kontroll over de dataene, og krav om overholdelse av personvernregler.
 

6 ting du må vite om digitaløkonomien


Denne diskusjonen foregår nå i Verdens handelsorganisasjon (WTO) der flere land ønsker å liberalisere digitaløkonomien.

De mest kontroversielle forslagene går på fri flyt av data, forbud mot krav om lokal lagring, forbud mot teknologioverføring, og forbud mot innsyn i kildekoder og algoritmer. Dette innebærer å fjerne muligheten for å regulere den digitale økonomien og it-selskapene.

Norge har så langt ytra seg positivt til liberalisering av det e-handelsrelaterte regelverket, på samme tid som det norske nyhetsbildet våren 2017 har vært prega av oppsiktsvekkende avsløringer av utenlandske IT- arbeidere sin tilgang til personsensitive- (Helse Sør-Øst) og sikkerhetssensitive data (PST).

Våre krav i den digitale økonomien:
 

Vi krever:

  • Statlig ansvar for å sikre lokal lagring av data
  • Kollektivt eller offentlig eierskap og infrastruktur for samfunnsdata
  • Nei til fri flyt av data
  • Skattlegging av internasjonale it-selskaper
  • Utvikling av en digital industrialiseringspolitikk
  • Datatillitsvalgt på arbeidsplassen
  • Statssky for kritisk digital infrastruktur for offentlig sektor
  • Styrket it-kompetanse og beredskap i offentlig sektor

 

Slutt deg til oppropet mot datahandelsavtalen

 

 


4 kontroversielle forslag på digital økonomi
 

 


1. Krav om fri flyt av data over grenser

USA tek i sitt forslag til orde for at selskap må kunne flytte data over landegrenser som dei ynskjer, utan hindringar:

 «companies and consumers must be able to move data as they see fit. Many countries have enacted rules that put a chokehold on the free flow of information, which stifles competition and disadvantages digital entrepreneurs. Appropriately crafted trade rules can combat such discriminatory barriers by protecting the movement of data, subject to reasonable safeguards like the protection of consumer data when exported»

I dag har enkelte land avgrensingar på slik flytting av data med grunnlag i personvern. EU er kjend for å vere lengst framme når det gjeld personvern i samband med data overføringar. Ein ny personvernforordning trer i kraft i EU og EØS mai 2018.

Dette er ikkje ein ny debatt i Noreg, men velkjent for Stortinget gjennom debatten om EUs datalagringsdirektiv. Direktivet kom som ein reaksjon på terrorangrepa i Madrid og med begrunning i å motkjempe vidare terrortruslar var direktivet meint å pålegge telefonselskap lagring av samtaler, herunder kven som snakkar med kven, kvar samtalene vart utført frå, tidspunkt for samtaler og kva kommunikasjonsform som vart nytta[2]. Bekymring for personvern var eit av dei store stridsspørsmåla den gongen stortinget skulle ta stilling til direktivet. Frp, SV, Sp og Krf stemte imot datalagringsdirektivet, medan H og Ap som hadde samla fleirtal stemte for implementering av direktivet i norsk lovverk[3]. I 2014 dømde imidlertid EU domstolen direktivet for å stå i sterk strid med målet om personvern, og direktivet vil derfor ikkje bli implementert:

 «Requiring the retention of those data and by allowing the competent national authorities to access those data, the directive interferes in a particularly serious manner with the fundamental rights to respect for private life and to the protection of personal data».[4]


2. Forbod mot krav om nasjonal/regional datalagring

Tett knytt til debatten om overføring av data over landegrenser og personvern er spørsmålet om lokaliseringskrav til datalagringssenter og infrastruktur. USA ynskjer med sitt forslag at «companies and digital entrepreneurs relying on cloud computing and delivering Internet-based products and services should not need to build physical infrastructure and expensive data centers in every country they seek to serve”. I ulike land er dataserverar påkrevd på nasjonalt nivå fordi ein ynskjer å avgrense bruken og forflytting av sensitive data ut av landet.

Eit særs viktig felt her er utanlandske selskap som tilbyr skytenester til offentleg sektor. I slike skyer kan det vere mykje sensitive data som ikkje bør kome på avvege. Utan avgrensing på data flyt og/eller krav til lokal dataserver kan slike data fort kome på avvege og brukast kommersielt rundt omkring i verda.

Interessekonflikta mellom dei store e-handel selskapa og nasjonalstatar har tidvis fått stor geopolitisk betydning. Slik som då Snowden avslørte at Brasil sin president Dilma Roussef vart overvaka av NSA. Så å sei all digital kommunikasjon frå Latin-Amerika til resten av verda har gått via Miami. Etter skandala arbeida Brasil for ein ny infrastruktur for å få straumen til å gå direkte frå Europa til Brasil. Vidare stilde Roussef krav til Google om ein lokal dataserver. Kravet om lokal dataserver gjekk seinare tapt i ein nasjonal internettlov[5], men planane om ny infrastruktur vart realisert. Det brasilianske Telebras og spanske Islalink legg no internettkabel frå Frankfurt via Portugal til Fortaleza i Brasil. Kabelen er planlagt ferdigstilt i 2017[6].  

I dei pågåande forhandlingane om den plurilaterale avtala om handel med tenester (TISA) er det også stor debatt i EU rundt de same tema; kravet om fri flyt av data, lokaliseringskrav av dataservere , og bekymringar for personvernet. Praksisen for korleis ein handsamer personopplysningar er svært ulik mellom dei ulike TISA landa. Også i TISA forhandlingane er det USA som har vist størst interesse for fri dataflyt. Bekymring for personvern kan resultere i at TISA forhandlingane ikkje blir avslutta. Den Europeiske forbrukar organisasjonen har kome med sterke åtvaringar[7], og franske styresmakter gjennomførte ei konsekvensutgreiing av TISA og e-handel med følgjande konklusjon: «However, the taskforce’s research highlights that there are few real barriers, apart from regulation on personal data protection. The movement of personal data is admittedly strictly legislated by European regulation, but remains free as shown by the existing derogation measures and the Privacy Shield data protection framework”[8].  


3. Forbud mot krav om teknologioverføring

Det tredje kontroversielle punktet i USA sitt forslag på e-handel er eit forbod mot å stille krav til investorar om å overføre teknologi:

«Requirements that make market access contingent on forced transfers of technology inhibit the development of e-commerce and a flourishing digital economy. Trade rules may be developed to prohibit requirements on companies to transfer technology, production processes, or other proprietary information»

I WTO avtala om investeringsrelaterte handelstiltak (TRIMS) klarte utviklingslanda å tilkjempe seg retten til å krevje at utanlandske investorar skulle overføre teknologi til det lokale næringslivet. Det er ein kamp dei minst utvikla landa må kjempe på kvart ministermøte for å bevare, trass at det er velkjend politikk i industrilanda. Det er eit utviklingspolitisk tiltak me kjenner godt til i Noreg gjennom konsesjonskrava til utanlandske oljeselskap på 1970-talet. Kravet om teknologisk overføring var grunnleggande for etableringa av det statlege oljeselskapet Statoil. USA foreslår at slike krav ikkje skal kunne stillast til aktørar innan e-handel.     

4. Forbod mot toll

Siste punkt i USA sitt forslag gjeld den 20 år gamle debatten i WTO om kor vidt det skal vere lov eller ei å ilegge toll på såkalla digitale varer. Ikkje overraskande foreslår USA her at slik toll skal bli forbode. Dette er problematisk for utviklingsland som har stor nytte av moglege tollinntekter. Delegasjonar frå utviklingsland har gjentekne gonger understreka at det bør vere opp til det enkelte land om det vil nytte seg av slike inntektskjelder eller om dei heller vil gje insentiv til auka musikk og filmimport ved å gje tollfridom.

 

Teksten om de fire kontroversielle forslag er et utdrag fra notatet: «Digital handel og personvern», skrevet av Heidi Lundeberg.

 

 

Videre lesning:

 

 

 

 

Konferanseopptak fra Verdien av persondata, 12 mars 2018
 

 

 

[1] Arbeidsprogram på e-handel 1998, WTO: https://www.wto.org/english/tratop_e/ecom_e/wkprog_e.htm

[2] https://www.datatilsynet.no/Regelverk/Datalagringsdirektivet/Om-datalagringsdirektivet/

[3] https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Publikasjoner/Innstillinger/Stortinget/2010-2011/inns-201011-275/?lvl=0

[4] http://curia.europa.eu/jcms/upload/docs/application/pdf/2014-04/cp140054en.pdf

[5] http://www.ebc.com.br/tecnologia/2016/05/conheca-detalhes-do-decreto-que-regulamenta-marco-civil-da-internet

[6] http://www.telebras.com.br/inst/?p=6636

[7] http://www.beuc.eu/publications/beuc-x-2016-083_lau_beucs_analysis_e-commerce_tisa_2016.pdf

[8] https://www.economie.gouv.fr/files/files/PDF/Executive_summary_digital_in_trade_agreements.pdf

Kontakt

Handelskampanjen
Postadresse:
Handelskampanjen c/o Utviklingsfondet
Mariboes Gate 8, 0183 Oslo


.(JavaScript must be enabled to view this email address)