Handelskampanjen

Handelskampanjen

Indisk matrådgivar ber Noreg om hjelp

Rådgivar for den indiske kommisjonen for retten til mat, Biraj Patnaik, ber Utanriksdepartementet om hjelp til å løyse opp i WTO-usemja om subsidiar til indiske bønder.

Indias prisstøtte til bønder, skapar strid i Verdas handelsorganisasjon (WTO). Den indiske matrådgivaren Biraj Patnaik ber Noreg om hjelp.

Publisert i Nationen, Eva Aalberg Undheim 3.1.2017

– Vi håpar at Noreg igjen kan spele ei aktiv rolle og bidra til å finne ei permanent løysing på spørsmålet om offentlege matvarelager i WTO.

Det seier Biraj Patnaik, som er rådgivar for den indiske kommisjonen for retten til mat.

Patnaik var like før jul i Oslo og bad Utanriksdepartementet om hjelp til å løyse opp i WTO-usemja kring subsidiane indiske bønder får knytt til offentleg oppkjøp til matvarelager.

Dersom spørsmålet ikkje vert løyst i løpet av det komande året, kan det spøkje for resultatet av det neste ministermøte i Verdas handelsorganisasjon (WTO) i Buenos Aires i desember.

Garanterer bonden minstepris
India er eitt av fleire utviklingsland som har etablert offentlege matvarelager for å stabilisere prisane på matvarer og for å kunne tilby billegare mat til fattige innbyggjarar. Landet garanterer samstundes kornprodusentane som leverer til lagera ein minstepris som ligg litt over marknadsprisen på innhaustingstidspunktet.

Ei slik prisstøtte er det derimot avgrensingar på i WTO-regelverket. Utviklingsland får subsidiere produsentar, men berre med inntil 10 prosent av verdien av jordbruksproduksjonen.

Då India i 2013 innførte ei ny mattryggleikslov, auka omfanget av prisstøtta til bøndene noko. Det har sett saka på dagsorden i WTO, der ei rekkje land med USA og EU i spissen meiner prisstøtta er handelsvridande. Argumentet frå India er at landet kjøpar matkorn frå fattige bønder og gjev til svært fattige forbrukarar.

Patnaik, som var ein av pådrivarane for innføring av mattryggleikslova, stadfestar at det har vore ein marginal auke i prisstøtta sidan 2013, men seier støtta framleis ikkje utgjer meir enn rundt ein prosent av Indias BNP.

Han syner til at støttenivået som er lovleg i WTO-regelverket vert rekna ut frå referanseprisar frå 1986, og at det reelle støttebeløpet såleis ligg på under ti prosent av dagens prisar. Det generelle støttenivået til ein gjennomsnittleg indisk bonde er i tillegg langt mindre enn for snittbonden i Europa og i USA, ifølgje Patnaik.

Har hastverk
Spørsmålet om offentlege matvarelager vart diskutert både i tilknyting til WTO-ministermøta på Bali i 2013 og i Nairobi i 2015, utan at det er funne ei løysing. I staden er det inngått ein såkalla fredsklausul som gir utviklingslanda høve til å halde fram med mattryggleiksprogramma mellombels, til det er funne ei varig løysing. Fristen er no sett til ministermøtet i desember 2017.

Patnaik seier fredsklausulen medfører ulemper og at det hastar å finne ei løysing, også for India.

Blant ulempene er at ingen andre land som ikkje allereie har mattryggleiksprogram som det India har, kan starte slike no. Ei anna ulempe er at heller ikkje India, som har fordelen av å vere omfatta av fredsklausulen for sitt mattryggleiksprogram, har løyve til å kjøpe inn nye typar avlingar til matvarelagera, seier han.

Han er skuffa over at USA, EU og land som New Zealand, Australia, Canada og Japan ikkje kom utviklingslanda meir i møte i Nairobi.

– Dessverre kom dei utvikla landa ikkje med noko tilbod til ei permanent løysing, og det vart heller ikkje gjort forsøk på å få fortgang i prosessen for ei permanent løysing frå verken dei eller frå WTO-sekretariatet, seier Patnaik.

Noreg innstilt på å bidra
Patnaik seier norske styresmakter gjorde ein viktig innsats i saka i samband med ministermøtet på Bali i 2013.

No håpar han Noreg – som ikkje har store offensive eller defensive interesser knytt til matvarelager i utviklingsland sjølv, og som heller ikkje er del av EUs felles landbrukspolitikk – kan vere ein brubyggjar mellom ønskja og interessene til EU og USA på eine sida og India og andre utviklingsland på andre sida.

Kommunikasjonsrådgiver Guri Solberg i Utanriksdepartementet seier spørsmål om prisstøtte til matvarehjelp er blant sakene det vert jobba med i WTO fram mot ministerkonferansen.

– I den grad det vert aktuelt med eit norsk engasjement, vil Noreg vere innstilt på å bidra til å finne ei løysing, seier ho.

– Kan ikkje kompromisse
Ifølgje Patnaik inkluderer prisstøtta for oppkjøp til offentlege matvarelager millionar av indiske bønder. Han seier India ikkje kan kompromisse.

Nær 870 millionar personar årleg får mat eller støtte til mat som følgje av mattryggleikslova frå 2013. Det inkluderer 120 millionar born i grunnskule og vidaregåande skule som får eit måltid til dagen, 160 millionar born under seks år som får tildelt mat på spesielle matsenter, som det finst 1,5 millionar av rundt om i heile landet.

– Til trass for at India er ein av dei raskast veksande økonomiane i verda, har landet likevel ein av dei største prosentdelane underernærte barn i verda. Nesten 30 prosent av indiske barn er undervektige og nær 36 prosent er forkrøpla. Det er den høgste prosentdelen i verda, og inneber at barna ikkje veks til sitt fulle potensial, seier han.

Alle mødrer i fødselspermisjon, gravide og ammande får også eit gratis måltid mat eller ekstra pengestøtte til mat. I tillegg er subsidiert matkorn tilgjengeleg for 66 prosent av befolkninga i India, seier Patnaik.

Flere nyheter

Kontakt

Handelskampanjen
Postadresse:
Handelskampanjen c/o Utviklingsfondet
Mariboes Gate 8, 0183 Oslo


.(JavaScript must be enabled to view this email address)