Handelskampanjen

Handelskampanjen

Frihandel for betre fordeling

Ingen land har tent seg rike på landbruksvarehandel. Eksport av nytelsesmiddel som kaffi og te frå tidlegare koloniland, fritt inn til land som Noreg, har ikkje ført til velstandsutvikling, men halde landa nede i råvareklemma, skriv Hildegunn Gjengedal og Marte Dælen i Handelskampanjen.

Sveinung Rotevatn meiner nordmenn bør opne grensene for å betre ressursfordelinga i verda i staden for å gi 100 kr til TV-aksjonen. Det einaste han ville ha oppnådd med å opne grensene, var at den norske marknaden ville fløyme over av EU-varer som ville utkonkurrert den tollfrie importen frå dei minst utvikla landa. I dag kjem nærare 70 prosent av landbruksvareimporten frå EU, og ein forsvinnande liten del frå dei minst utvikla landa, trass i at dei har opne grenser inn til Noreg. Om også fleire meir ressurssterke land får same retten, misser dei som treng det mest sine preferansar og dermed sitt konkurransefortrinn inn på den norske marknaden.

Frihandel er den sterkaste sin rett. Utan ei regulering av verdsmarknaden vil det nettopp bli den som er mest ressurssterk i utgangspunktet som vil overleve og akkumulere til seg enno meir ressursar.Sjølvsagt har einskilde land i Sør eit konkurransefortrinn i forhold til norske bønder i form av varmare klima, billegare arbeidskraft og lågare kostnadsnivå. Men dei har også ofte ein dårleg utbygd infrastruktur og problem med å få varene ut på marknaden.  Eksportrettinga av landbruket fører ikkje nødvendigvis til betre kår for dei mest ressurssvake. Utan ei regulering av marknaden er det dei minst ressurssterke landa og dei minst ressurssterke innanfor kvart enkelt land som blir taparane. Sjølv om du kan finne ressurssvake som også kan nyte godt av auka inntekter, er hovudbiletet at dei som klarer å produsere lønsamt for verdsmarknaden ikkje er dei gruppene som treng inntektene mest.  Jean Ziegler, tidlegare spesialrapportør i FN for retten til mat, og no visepresident i FNs menneskerettighetsråds rådgivende styre,gjesta nyleg Noreg og Litteraturhuset. I eit intervju med ABC-nyheter påpeika han at det er likegyldig om norske bønder held fram med å produsere mat, og at det er store selskap og hedgefunds som tener på eksporten til Noreg frå afrikanske land. Dette mønsteret ser vi også i Brasil, som Rotevatn trekk fram som eit døme. Under 10 selskap kontrollerer 80-90% av eksporten av matvarer frå Brasil. Selskapa er ofte eigd av forretningsfolk i samarbeid med multinasjonale selskap, bankar og funds med base i USA og Europa.

Ingen land har tent seg rike på landbruksvarehandel. Eksport av nytelsesmiddel som kaffi og te frå tidlegare koloniland, fritt inn til land som Noreg, har ikkje ført til velstandsutvikling, men halde landa nede i råvareklemma. Med ein fri verdshandel på mat ville produksjonen og ressursane samla seg i nokre få område i verda, med dei negative konsekvensane det kunne få for mattrygging, belasting av jord- og vassressursar og miljø. Det er kanskje ikkje ei slik ressursfordeling Rotevatn har i tankane? For at dei aller fattigaste skal mettast er det fyrst og fremst oppbygging av lokal produksjon for eigne marknader som gir effekt. Frihandel forsterkar den skeive verdsøkonomien og aukar belastninga på natur og miljø. Vi har stor respekt for årets TV-aksjon som går til minerydding. Ved å gi 100 kr til TV-aksjonen bidrar du til at jordbruksjord igjen kan brukast til å produsere mat. Kanskje er det eit betre bidrag til verdas ressurssvake enn å opne grensene inn til Noreg?

 

Flere nyheter

Kontakt

Handelskampanjen
Postadresse:
Handelskampanjen c/o Utviklingsfondet
Mariboes Gate 8, 0183 Oslo


.(JavaScript must be enabled to view this email address)