Handelskampanjen

Handelskampanjen

EU-dokument om TISA- avtale forsterker uro

EU har offentliggjort sitt forhandlingsmandat i TISA forhandlingene. Helene Bank og Heidi lundeberg fra handelskampanjen er intervjuet angående saken og mener dokumentet stadfester mye av bekymringene vi har hatt til forhandlingene. 

Saken sto på trykk i Nationen 17. Mars 2015

EU har offentleggjort forhandlingsmandatet i dei såkalla Tisa-forhandlingane. Innhaldet gjer norske kritikarar av forhandlingane endå meir urolege.

Mandatet til EU strekar under den verst tenkjelege tolkinga av elementa vi er urolege for.

Det seier Helene Bank frå Handelskampanjen etter at EU førre veke publiserte mandatet sitt i dei pågåande forhandlingane om ein ny internasjonal tenesteavtale.

Noreg deltek, saman med EU og 21 andre land, i forhandlingane om avtalen, som går under namnet Tisa (Trade in Services Agreement). Gjennom forhandlingane vil landa gjere det til hovudregel å ikkje forskjellsbehandle utanlandske tenester innanfor eigne grenser.

EUs mandat stadfestar at landa under forhandlingane aktivt må liste opp tenestesektorar der dei krev unntak frå forbodet mot forskjellsbehandling. Det uroar Bank.

– Det betyr at alt ein ikkje har skrive opp er liberalisert, og kanskje at nye nasjonale reglar uansett ikkje kan gjerast om, seier ho.

Tvisteløysing uroar mest

Heidi Lundeberg, som leiar Handelskampanjen, seier publiseringa stadfestar fleire av bekymringane kampanjen har hatt med forhandlingane.

– Det eine er den manglande openheita i forhandlingane. At EU publiserer mandatet sitt fyrst to år etter at forhandlingane starta, er hårreisande. For det andre så er det klart at EU og andre partar i Tisa har interesse av å liberalisere konkurransen for tenestefelt som vi eigentleg ikkje ønskjer å liberalisere i Noreg, som post, datalagring og finans, seier ho.

Mest uroa er Bank og Lundeberg likevel over EUs formuleringar om konfliktløysing, som seier at «Avtalen skal innehalde ein effektiv tvisteløysingsmekanisme» som skal sikre at partane følgjer gjensidig avtalte reglar.

– Det har ikkje vore diskusjon om implementering og tvisteløysing i Tisa enno, så dette er heilt nytt, og det er veldig sterkt formulert. Spørsmålet er korleis det skal gjerast, det veit vi ingenting om enno, seier Bank.

"Mandatet til EU gjer oss oss endå meir urolige"
Helene Bank, Handelskampanjen

 

Ho fryktar Tisa-avtalen kjem med ein såkalla investor-stat tvisteløysingsmekanisme, som gir investorar rettar over statar.

Noreg har avvist innsyn

EUs offentleggjering av forhandlingsmandatet kom etter mykje kritikk om manglande innsyn i forhandlingane.

Handelskampanjen, som samlar organisasjonar frå bonde-, fag-, miljø- og solidaritetsrørsla i Noreg, har kravd innsyn i norske posisjonar i forhandlingane, utan å få det.

Utanriksdepartementet avviste førre veke igjen å offentleggjere det norske mandatet. Det skriv ABC Nyheter.

Regjeringa har derimot publisert Noregs opningstilbod. Der går det fram at Noreg ønskjer unntak for likebehandling for sjukehustenester og andre offentleg finansierte helse- og sosialtenester, for utdanningstenester til og med vidaregåande og for butikksal av alkohol og tobakk.

– Verst tenkjeleg tolking

Norske kritikarar av Tisa har særleg uttrykt misnøye med to klausular i avtalen. Klausulane skal forby land å utvide forskjellsbehandling mellom eigne og utanlandske tenestebedrifter etter at avtalen er inngått, og å gå tilbake på reduksjon i forskjellsbehandling som skjer etter at avtalane er inngått, ifølgje regjeringa.

Bank seier EUs mandat stadfestar «den verst tenkjelege tolkinga av dei to elementa».

– Gir EUs mandat meir informasjon enn det norske styresmakter har offentleggjort?

– Ja, og det har vore eit større politisk press for innsyn i EU, frå EU-parlamentet og frå sterke sosiale rørsler. Det trengst større trykk og engasjement i Noreg også, frå folkevalde. Dette er ei reell sak som handlar om retten vår til å regulere demokratiet. Vi må syte for at vi ikkje får blåblå politikk for alltid, seier Bank.

 

Flere nyheter

Kontakt

Handelskampanjen
Postadresse:
Handelskampanjen c/o Utviklingsfondet
Mariboes Gate 8, 0183 Oslo


.(JavaScript must be enabled to view this email address)