Handelskampanjen

Handelskampanjen

Bønder frå 66 land krev WTO-handlingsrom for eigen matproduksjon

Alle land må ha rett til å produsere for nasjonalt forbruk. WTO-reglar må ikkje undergrave matsikkerheit.

Publisert på Bondelagets hjemmesider 21.06.2011
Foto: Hildegunn Gjengedal

Det framførte bondeorganisasjonar frå 66 land i Afrika, Asia, Amerika og Europa på ein pressekonferanse i forkant av G20-møtet denne veka.

Norges Bondelag og Norsk Landbrukssamvirke var mellom organisasjonane som underteikna det felles oppropet. Organisasjonane krev meir samanheng mellom det framtidige WTO-regelverket og andre internasjonale omsyn enn handel: - Den spesielle rolla landbruket spelar for matsikkerheit lokalt, levedyktige lokalsamfunn og bevaring av landressursar ville bli fullstendig øydelagt om dagens utkast til WTO-avtale hadde blitt vedtatt, slår dei underteiknande organisasjonane fast. – Dette utkastet tilgodeser store multinasjonale selskap, på bekostning av småbønder, meiner organisasjonane, og peikar på at dette er i strid med internasjonale avtaler for å redusere fattigdom. I oppropet blir det også peika på at handel er eit middel for utvikling, og ikkje eit mål i seg sjølv. Alle land må kunne definere eit passande tal sensitive produkt, bruke marknadsregulering og tollvern for å fremje stabil forsyning av mat, står det også i oppropet.

Under pressekonferansen i Brussel løfta fleire av dei deltakande organisasjonane fram dei negative sidene ved handelsliberalisering: - Marknadsliberalisering øydelegg dei lokale marknadene våre, sa Elisabeth Atanga frå den sentralafrikanske fellesorganisasjonen for bønder, PROPAC.

Oppopet er underteikna av bondeorganisasjonar frå mellom anna India, Indonesia, USA, samanslutningar av bønder frå vest-, aust-, sentral- og nord-afrika, Canada, Sri Lanka, EU, Sveits, Korea og Japan.

- Oppropet viser at bøndene i Noreg ikkje står åleine om å meine at WTO-forslaget går for langt i å liberalisere landbruksvaremarknaden. Bønder i Sør og Nord er samde om at alle land må ha rett til å setje i verk tiltak som gjer det mogeleg å produsere mat til eige folk. Dette må WTO ta omsyn til. Dei kan ikkje halde fram som om ingenting har skjedd sidan runda starta i 2001, seier nestleiar i Norges Bondelag Berit Hundåla, som deltok på pressekonferansen. Norges Bondelag og Norsk Landbrukssamvirke vil no overrekke oppropet til utanriksdepartementet ved statssekretær Erik Lahnstein.

Last ned oppropet Call for Coherence
Les om overrekkelsen av oppropet til statssekretær Erik Lahnstein her

Flere nyheter

Kontakt

Handelskampanjen
Postadresse:
Handelskampanjen c/o Utviklingsfondet
Mariboes Gate 8, 0183 Oslo


.(JavaScript must be enabled to view this email address)