Handelskampanjen

Handelskampanjen

E-handel og digital økonomi

E-handel har kommet opp som den nye kontroversen i internasjonale handelsforhandlinger. I kjernen av debatten står spørsmålet om vern eller deling av teknologi og personsensitive data, datalagring, eierskap til stordata, og mulighet til å ilegge skatt og avgifter på elektroniske varer og tjenester.

(Bilde: Toronto har gitt ansvaret for deler av sin infrastruktur til Google som skal utvikle Toronto til en smart-city. Flickr/Fionn Luk).

 

Norge har så langt ytra seg positivt til liberalisering av det e-handelsrelaterte regelverket, på samme tid som det norske nyhetsbildet våren 2017 har vært prega av oppsiktsvekkende avsløringer av utenlandske IT- arbeidere sin tilgang til personsensitive- (Helse Sør-Øst) og sikkerhetssensitive data (PST). 

Hva betyr e-handel?
 

E-handel er handel med varer og tjenester over internett som ikke trenger å transporteres fysisk, men som overføres over nett. Det kan være arkitekttegninger, ingeniørtegninger, noen typer finansielle tjenester, rådgivingstjenester, musikk og film.

E-handel ble første gang lansert i WTO under ministermøtet i 1998 da det ble lansert et arbeidsprogram på e-handel (dette er ikke det samme som forhandlinger). Her blir e-handel definert som «produksjon, distribusjon, markedsføring, salg eller levering av varer og tjenester elektronisk»[1]. På ministermøtet fikk USA gjennom med støtte fra andre industrialiserte land, at import som utelukkende foregår via internett ikke skal ilegges toll.

Internett og den digitale økonomien har utviklet seg og blitt en mye større del av økonomien siden 1998. Spørsmålet om det skal være mulig å legge toll å e-handel transaksjoner er fortsatt ikke avklart i WTO. Flere industriland ønsker et permanent forbud mot toll på e-handel varer og tjenester.

E-handel er større enn handel med varer
 

Valget av begrepet e-handel i WTO var nok neppe tilfeldig. E-handel handler om kjøp og salg på internett, men reglene som nå foreslås i WTO på e-handel handler om deregulering av den digitale økonomien. Noe som er mye større enn e-handel.

Noen av de mest kontroversielle forslagene vil styrke posisjonen til de store IT-selskapene, redusere mulighet for lokal/regional lagring av data og oppbygging av infrastruktur, samt sikring av persondata.
 

De konkrete forslagene som ligger på bordet

Sju ulike tekster vedrørende e-handel i WTO legg grunnlaget for diskusjonane i WTO. Forslagene er fra:

  • USA (JOB/GC/94, 04.07.16)
  • Jpan (JOB/GC/100, 25.07.16)
  • Brasil (JOB/GC/98, 20.07.16)
  • Japan sammen med Russland, Singapore, Taiwan, Penghu, Kinmen and Matsu. (JOB/GC/96, 11.07.16)
  • EU sammen med Canada, Chile, Colombia, Côte d'Ivoire, Sør Korea, Mexico og Singapore (JOB/GC/97, 14.07.16)
  • Mexico, Indonesia, Sør Korea, Tyrkia og Australia (JOB/GC/99, 22.07.16)
  • Colombia; Costa Rica; Hong Kong, China; Israel; Malaysia; Mexico, Nigeria; Pakistan; Panama; Qatar; Seychelles; Singapore and Turkey (JOB/GC/101/Rev.1, 28.07.16)
     

Dei fire tekstane som er presentert av grupper med land tar fyrst og fremst til orde for at e-handel er viktig og at det vil vere rett at temaet skal diskuterast i WTO med mål om å forhandle ei avtale på neste ministermøte i 2017. Dei tre tekstane som har kome frå einskilde medlemsland er langt meir konkrete i kva retning dei ynskjer seg i eit mogleg framtidig regelverk. Japan ynskjer til dømes tollfridom på e-handel, fri flyt av data over landegrenser og ingen lokaliseringskrav til dataserverar.

USA har den desidert mest omfattande lista av forslag til korleis dei ynskjer eit framtidig regelverk. Teksten inneheld totalt 16 forslag, og me vil i dette notatet presentere fire av dei mest kontroversielle forslaga.

Brasil på den andre sida uttrykkjer uro for eit framtidig regelverk på e-handel. Brasil ynskjer å vektlegge personvern og forbrukarrettar, rettigheiter for kunstnarar og teknologioverføring for å nemne noko. Brasil sin tekst står i kontrast til USA. Vidare meiner Brasil at overføring av data over landegrenser allereie er omfatta av WTO-avtalen på tenester (GATS), at det ikkje er naudsynt med noko nytt regelverk.

Afrikagruppen ønsker ikke forhandlinger

Singapore, Tyrkia, Sør Korea og Mexico er med på fleire tekstar. I diskusjonane i Genève har USA, EU og Japan vore toneangivande. Interessa for å diskutere e-handel er primært blant rike land (USA, Canada, EU, Russland, Japan, Qatar og Australia), dei asiatiske tigrane Singapore, Sør Korea, Taiwan og Hong Kong, latinamerikanske land (Brasil, Mexico, Colombia, Chile, Panama, Costa Rica), små øystatar (Kinmen, Matsu, Seyschellene), og enkelte asiatiske utviklingsland (Malaysia, Indonesia, Pakistan).

Interessa ser foreløpig ut til å vere nærast fråverande blant dei afrikanske landa (kunn Nigeria og Elfenbenskysten har deltatt med forslag), og de minst utvikla landa (MUL). BRICS- landa (Brasil, Russland, India, Kina og Sør-Afrika)  ser ut til å vere splitta, der Russland og Kina har vist interesse for eit regelverk, medan Sør Afrika og India har gått imot forhandlingar på dette området, og Brasil primært har vist behov for regulering.  

USA har kome med det forslaget som inneber mest konkrete handelspolitiske forslag. Forslaget inneber i alt 16 konkrete forslag.  Fire av dei mest kontroversielle forslaga er verdt å sjå nærare på.


4 kontroversielle forslag på digital økonomi
 

1. Forbod mot toll

Fyrste punkt i USA sitt forslag gjeld den 20 år gamle debatten i WTO om kor vidt det skal vere lov eller ei å ilegge toll på såkalla digitale varer. Ikkje overraskande foreslår USA her at slik toll skal bli forbode. Som skissert over er dette problematisk for utviklingsland som har stor nytte av moglege tollinntekter. Delegasjonar frå utviklingsland har gjentekne gonger understreka at det bør vere opp til det enkelte land om det vil nytte seg av slike inntektskjelder eller om dei heller vil gje insentiv til auka musikk og filmimport ved å gje tollfridom.


2. Krav om fri flyt av data over grenser

USA tek i sitt forslag til orde for at selskap må kunne flytte data over landegrenser som dei ynskjer, utan hindringar:

 «companies and consumers must be able to move data as they see fit. Many countries have enacted rules that put a chokehold on the free flow of information, which stifles competition and disadvantages digital entrepreneurs. Appropriately crafted trade rules can combat such discriminatory barriers by protecting the movement of data, subject to reasonable safeguards like the protection of consumer data when exported»

I dag har enkelte land avgrensingar på slik flytting av data med grunnlag i personvern. EU er kjend for å vere lengst framme når det gjeld personvern i samband med data overføringar. Ein ny personvernforordning trer i kraft i EU og EØS mai 2018.

Dette er ikkje ein ny debatt i Noreg, men velkjent for Stortinget gjennom debatten om EUs datalagringsdirektiv. Direktivet kom som ein reaksjon på terrorangrepa i Madrid og med begrunning i å motkjempe vidare terrortruslar var direktivet meint å pålegge telefonselskap lagring av samtaler, herunder kven som snakkar med kven, kvar samtalene vart utført frå, tidspunkt for samtaler og kva kommunikasjonsform som vart nytta[2]. Bekymring for personvern var eit av dei store stridsspørsmåla den gongen stortinget skulle ta stilling til direktivet. Frp, SV, Sp og Krf stemte imot datalagringsdirektivet, medan H og Ap som hadde samla fleirtal stemte for implementering av direktivet i norsk lovverk[3]. I 2014 dømde imidlertid EU domstolen direktivet for å stå i sterk strid med målet om personvern, og direktivet vil derfor ikkje bli implementert:

 «Requiring the retention of those data and by allowing the competent national authorities to access those data, the directive interferes in a particularly serious manner with the fundamental rights to respect for private life and to the protection of personal data».[4]


3. Forbod mot krav om nasjonal/regional datalagring

Tett knytt til debatten om overføring av data over landegrenser og personvern er spørsmålet om lokaliseringskrav til datalagringssenter og infrastruktur. USA ynskjer med sitt forslag at «companies and digital entrepreneurs relying on cloud computing and delivering Internet-based products and services should not need to build physical infrastructure and expensive data centers in every country they seek to serve”. I ulike land er dataserverar påkrevd på nasjonalt nivå fordi ein ynskjer å avgrense bruken og forflytting av sensitive data ut av landet.

Eit særs viktig felt her er utanlandske selskap som tilbyr skytenester til offentleg sektor. I slike skyer kan det vere mykje sensitive data som ikkje bør kome på avvege. Utan avgrensing på data flyt og/eller krav til lokal dataserver kan slike data fort kome på avvege og brukast kommersielt rundt omkring i verda.

Interessekonflikta mellom dei store e-handel selskapa og nasjonalstatar har tidvis fått stor geopolitisk betydning. Slik som då Snowden avslørte at Brasil sin president Dilma Roussef vart overvaka av NSA. Så å sei all digital kommunikasjon frå Latin-Amerika til resten av verda har gått via Miami. Etter skandala arbeida Brasil for ein ny infrastruktur for å få straumen til å gå direkte frå Europa til Brasil. Vidare stilde Roussef krav til Google om ein lokal dataserver. Kravet om lokal dataserver gjekk seinare tapt i ein nasjonal internettlov[5], men planane om ny infrastruktur vart realisert. Det brasilianske Telebras og spanske Islalink legg no internettkabel frå Frankfurt via Portugal til Fortaleza i Brasil. Kabelen er planlagt ferdigstilt i 2017[6].  

I dei pågåande forhandlingane om den plurilaterale avtala om handel med tenester (TISA) er det også stor debatt i EU rundt de same tema; kravet om fri flyt av data, lokaliseringskrav av dataservere , og bekymringar for personvernet. Praksisen for korleis ein handsamer personopplysningar er svært ulik mellom dei ulike TISA landa. Også i TISA forhandlingane er det USA som har vist størst interesse for fri dataflyt. Bekymring for personvern kan resultere i at TISA forhandlingane ikkje blir avslutta. Den Europeiske forbrukar organisasjonen har kome med sterke åtvaringar[7], og franske styresmakter gjennomførte ei konsekvensutgreiing av TISA og e-handel med følgjande konklusjon: «However, the taskforce’s research highlights that there are few real barriers, apart from regulation on personal data protection. The movement of personal data is admittedly strictly legislated by European regulation, but remains free as shown by the existing derogation measures and the Privacy Shield data protection framework”[8].  


4. Forbud mot krav om teknologioverføring

Det fjerde kontroversielle punktet i USA sitt forslag på e-handel er eit forbod mot å stille krav til investorar om å overføre teknologi:

«Requirements that make market access contingent on forced transfers of technology inhibit the development of e-commerce and a flourishing digital economy. Trade rules may be developed to prohibit requirements on companies to transfer technology, production processes, or other proprietary information»

I WTO avtala om investeringsrelaterte handelstiltak (TRIMS) klarte utviklingslanda å tilkjempe seg retten til å krevje at utanlandske investorar skulle overføre teknologi til det lokale næringslivet. Det er ein kamp dei minst utvikla landa må kjempe på kvart ministermøte for å bevare, trass at det er velkjend politikk i industrilanda. Det er eit utviklingspolitisk tiltak me kjenner godt til i Noreg gjennom konsesjonskrava til utanlandske oljeselskap på 1970-talet. Kravet om teknologisk overføring var grunnleggande for etableringa av det statlege oljeselskapet Statoil. USA foreslår at slike krav ikkje skal kunne stillast til aktørar innan e-handel.     

 

Teksten er et utdrag fra notatet: «Digital handel og personvern», skrevet av Heidi Lundeberg.

 

 

[1] Arbeidsprogram på e-handel 1998, WTO: https://www.wto.org/english/tratop_e/ecom_e/wkprog_e.htm

[2] https://www.datatilsynet.no/Regelverk/Datalagringsdirektivet/Om-datalagringsdirektivet/

[3] https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Publikasjoner/Innstillinger/Stortinget/2010-2011/inns-201011-275/?lvl=0

[4] http://curia.europa.eu/jcms/upload/docs/application/pdf/2014-04/cp140054en.pdf

[5] http://www.ebc.com.br/tecnologia/2016/05/conheca-detalhes-do-decreto-que-regulamenta-marco-civil-da-internet

[6] http://www.telebras.com.br/inst/?p=6636

[7] http://www.beuc.eu/publications/beuc-x-2016-083_lau_beucs_analysis_e-commerce_tisa_2016.pdf

[8] https://www.economie.gouv.fr/files/files/PDF/Executive_summary_digital_in_trade_agreements.pdf

Kontakt

Handelskampanjen
Postadresse:
Handelskampanjen c/o Utviklingsfondet
Mariboes Gate 8, 0183 Oslo


.(JavaScript must be enabled to view this email address)