Handelskampanjen c/o Utviklingsfondet
Miljøhuset
Grensen 9b
0159 Oslo
Telefon: 23 10 96 00
Telefaks: 23 10 96 01
E-post: handelskampanjen@handelskampanjen.no
Forside


Dette mener vi
Politisk plattform
Medlemmer
Eksterne ressurser om handel


WTO: Handel med tjenester (GATS)
WTO: Handel med industrivarer (NAMA)
WTO: Handel med jordbruksvarer (AoA)
WTO: Handel med intellektuell eiendom (TRIPS)
Regionale/bilaterale handelsavtaler
Bilaterale investeringsavtaler (BITS)


Nyheter
Nyhetsbrev


For presse
Kontakt Handelskampanjen

Nyhetsbrev:

EU i nykolonial stil

Dei omstridte frihandelsavtalane mellom EU og deira tidlegare koloniar skal no godkjennast – men vil dei gje utvekling eller kolonialisere Afrika på nytt?
Kronikk av Heidi Lundeberg i Klassekampen 10. juni

Denne veka samlast austafrikanske handelsministrar i Dar es Salaam for å ferdigforhandle og signere rammeverket for den mykje omstridde handelsavtala med EU. Både innhaldet og prosessen rundt avtala ber nykoloniale preg. Som gamal EU motstandar kan Giske sjå seg nøgd med at me ikkje er med på dette spelet. Statsråden bør imidlertid ta seg tid til å studere avtala for å unngå at Noreg vert ein like lite sjarmerande aktør innan internasjonal handelspolitikk.

EU la fram såkalla økonomiske samarbeidsavtaler (EPA) for forhandling med sine tidlegare koloniar i 2002. Lomé konvensjonen som skulle gje dei tidlegare koloniane handelsfordelar med EU vart stempla som konkurransevridande i Verdas Handelsorganisasjon (WTO) og måtte derfor utgå. Utviklingslanda klarte ikkje å kome seg ut av dei koloniale produksjonsstrukturane med råvareeksport i den postkoloniale perioden og e vart redde for å miste sine fordelar. EU kravde imidlertid full marknadsadgang i omfattande frihandelsavtaler.

All historisk erfaring viser imidlertid at asymmetriske handelsforhald vil føre til stadig primitivisering av dei svakaste økonomiane. Dei tidlegare koloniane var imidlertid ikkje så audmjuke eller lettlurte og forhandlingane har derfor tatt lengre tid enn EU rekna med. I desse europeiske krisetider er det lett å forstå at EU vil konkludere avtalene fortast mogleg. At EU pressar gjennom behandling av dei mange kontroversielle delane av avtala på to dagar er imidlertid i beste tilfellet spekulativt og i verste tilfelle nykolonialt. EPA – innhaldsmessig og prosessmessig – er eit trist døme på at EU held på den imperialistiske rolla ovanfor land i Sør.

Afrikanske styresmakter har eit dårleg rykte når det kjem til signering av avtaler. I Uganda seiast det at ministrane signerar alt som går ann å signere utan å meine noko med det. Gong på gong har ministrar i regionen returnert frå Europa og erklært at dei har gjort jobben og signert. På spørsmål om kva det er dei har signert kan dei ofte ikkje svare. Når det gjeld handelsavtaler kan imidlertid verken europeiske styresmakter skulde på uansvarlege afrikanske ministrar eller afrikanske ministrar skulde på manglande informasjon og slik manglande høve til å vurdere avtalene. Aust Afrikanske sivilsamfunnsorganisasjonar har gjort ein kjempejobb når det gjeld kapasitetsbygging av handelsministrar og parlamentarikarar og ikkje minst når det gjeld å synleggjere fordelane og ulempene ved dei ulike delane av avtalene. Takka vere eit stødig arbeid blant sivilsamfunnsorganisasjonar og næringslivsorganisasjonar har austafrikanske styresmakter stilt spørsmål ved sentrale delar av multilaterale (WTO) så vel som bilaterale (EPA) handelsavtaler med ynskje om å vere ein aktiv part i utforminga av avtaletekstane.

Sjokkerte over nyhende om at ei midlertidig avtale no skal opp til signering utan at dei kontroversielle artiklane er fjerna, samla ugandiske sivilsamfunnsorganisasjonar, bønder og næringslivsorganisasjonar seg om ei felles erklæring på rekordtid. Dei kontroversielle artiklane omfattar blant anna eksporttoll og bestelandsprinsippet.

Toll på eksport av råvarer har vore ein måte å stimulere industrialisering i austafrikanske land, akkurat som i England under Henry VII så vel som råvareeksportøren Noreg. Dess større grad av vidareforedling dess mindre eksporttoll på vara. Denne utviklingsstrategien vert vanskeleg å fortsetje med dersom den midlertidige EPA no vert signert. Eksporttoll vart avvist som del av WTO-forhandlingane. EU har imidlertid behov for råvarer og prøvar seg derfor på bilateralt nivå.

Bestelandsprinsippet inneber at godar eit land oppnår i handelsforhandlingar med Aust Afrika skal gjelde samlege land regionen inngår avtaler med. Ein av følgjene vil vere at austafrikanske land ikkje kan favorisere handel innad i regionen, men må behandle EU på lik linje. Avtala vil såleis vanskeleggjere den regionale samarbeids- og integreringsprosessen i Aust Afrika.

Bodskapet frå dei ugandiske sivilsamfunnsorganisasjonar, bønder og næringslivsorganisasjonar til dei austafrikanske handelsministrane når dei no skal samlast i Dar es Salaam er at så lenge dei kontroversielle artiklane forblir uløyste så må ikkje avtala signerast. Kontroversar som har pågjenge i åtte år let seg ikkje løyse på eit tredagars ministermøte. Demokratisk behandling krev fokus på forhandling mellom to partar snarare enn tidsfristar satt av europeiske handelsfunksjonærar.

Giske kan sjå på meiningsmålinga over norsk EU medlemskap og puste letta ut. Utanfor unionen kan Noreg spele ei alternativ rolle ovanfor Sør. Ifølgje regjeringserklæringa Soria Moria vil regjeringa leggje opp til ein internasjonal handelspolitikk som gjev Sør land høve til å bruke dei same utviklingspolitiske verktøya som me ei gong gjorde under oppbygginga av den norske velferdsstaten. Handelsavtalene EU no vil inngå med sine tidlegare koloniar legg derimot opp til at land i Sør ikkje skal kunne nytte seg av slike verkemiddel. Redusert eksporttoll er eit døme på det. Offisiell norsk handelspolitikk strir altså imot EU sin handelspolitikk ovanfor Sør.

Me kan såleis vere nøgde med at me står utanfor unionen slik at me kan føre vår eigen handelspolitikk ovanfor land der fleirtalet lever i fattigdom. Ser ein nærare etter så ligg imidlertid dei bilaterale handelsavtalene Nærings- og handelsdepartementet via Efta framforhandlar med utviklingsland nærare EU sine handelsavtaler enn den norske regjeringa sin vedtekne handelspolitikk. Efta avtalene baserar seg på same utviklingsteori der eksport av råvarer og utanlandsinvesteringar skal redde Sør landa frå fattigdom og ulikskap. Ein utviklingsteori som ligg langt frå den strategien som vart brukt under oppbygging av den norske velferdsstaten.

Nærings- og handelsdepartementet nyttar seg altså ikkje av det politiske handlingsrommet Noreg har utanfor EU til å drive ein internasjonal handelspolitikk som tillett Sør land å nytte seg av dei same verkemidla som me i vår tid gjorde. NHD nyttar seg ikkje av høvet til å følgje regjeringa sin vedtekne handelspolitikk.

I Dar es Salaam dikterar EU handelsbetingelsar ovanfor Aust Afrika akkurat som i gamle dagar. Inntil NHD skifter kurs og følgjer regjeringa sin politikk må me leve med å vere ein del av det europeiske imperiet.