Handelskampanjen

Handelskampanjen

Latin-Amerika utfordrar frihandelsregimet

Latin-Amerika har dei siste åra stått fram som vriompeis i internasjonale frihandelsforhandlingar. Den ideologiske frihandelsdogmatismen som prega kontinentet på 1990 talet er bytt ut med realpolitisk orientering over eigne interesser.

Då utanriksministrar frå heile verda møttest på Bali før jol for å inngå nye avtaler i WTO, tok latinamerikanske land til orde for å endre det multilaterale handelsregimet i retning av solidaritet, komplementaritet og rettvis handel. ”Shabby interesser” har fått grep om WTO uttalte ALBA[ii] landa friskt. Ministermøtet utvikla seg til eit rått maktspel mellom dei rike landa og utviklingsland. Det vart lagt eit enormt press på sistnemnde, og spesielt India, om å trekkje sine krav og inngå ei ubalansert pakke. Då forhandlingane gjekk over tida var det dei tre ALBA landa Bolivia, Venezuela og Cuba som ikkje lot seg presse.

Basketaket på Bali er ikkje unikt. Latinamerikanske land har markert seg på den geopolitiske arena som utfordrarar av frihandelsdogmatikken. ALBA landa utpekar seg spesielt som ein blokk i WTO og har makta å utvikle eit handelssamarbeid seg imellom som byggjer på komplementaritet i staden for konkurranse, som anerkjenner ulikskapen mellom landa, og som set produksjon over handel. Men andre søramerikanske land utpeikar seg også handelspolitisk. Dei store matvareeksportørane Brasil og Argentina har utfordra både det multilaterale og bilaterale frihandelshandelsregimet, noko som viser seg i tvisteløysingsorgana der dei to landa har fleire saker gåande mot seg.

Janus i handelspolitikken

Latin-Amerika framstår historisk som ei raud jord, prega av organisert motstand mot kolonialisme i ulike variantar. Det siste tiåret har Sør-Amerika fått ein markant geopolitisk posisjon då sosiale rørsler i land etter land har stemt fram venstre- og sentrumsorienterte regjeringar. Brotet med frihandelsdogmatismen ser imidlertid ut til å vere like mykje bygd på eigne næringsinteresser som ideologisk endring. Naturressursar har blitt nasjonalisert og store sosiale investeringar er gjennomført med stort hell. Fattigdomen er halvert i fleire av landa og ulikskapen redusera. Men oligarkiet, dei store jordeigarane, har fortsett stor makt over styresmaktene. Resultatet er ei omfordeling av ressursar til dei fattige i form av velferdsordningar, men samstundes ei stadig større sentralisering av jord. Med gode internasjonale prisar har jordbruksbaronane sørgja for at regjeringane har inngått internasjonale frihandelsavtaler.

Den ecuadorianske presidenten Rafael Correa sitt forhandlingsbrot med EU illustrerar det latinamerikanske handelspolitiske janusandletet godt. Correa uttrykte at den avtala EU ynskte seg ville stå i strid med landets grunnlov – då den ville innskrenke det politiske handlingsrommet betrakteleg[iii]. At frihandelsavtala er grunnlovsstridig var imidlertid berre halve grunnen til at Ecuador trekte seg frå forhandlingane. Correa påpeikte at landets bananprodusentar måtte få like gode handelsrammer som sine konkurrentar i Mellom-Amerika og Karibien.

EU og Latin-Amerika

Latin-Amerika eksporterar i hovudsak råvarer og EU er ein av hovudimportørane av naturressursane. EU har sidan 1990 talet forhandla frihandelsavtaler med latinamerikanske land. I motsetnad til Efta som inngår avtaler med eit og eit utviklingsland, forhandlar EU med handelsblokkar. Karibien signerte EPA med EU utan særleg debatt i 2008, medan EU Kommisjonen har møtt motstand i Sør-Amerika. Forhandlingane mellom EU og den andinske handelsblokken CAN stoppa fullstendig då dei venstreorienterte presidentane Evo Morales og Rafael Correa kom til makta i Bolivia og Ecuador.

Samstundes stagnerte forhandlingane mellom EU og den austlege handelsblokken Mercosur, med den brasilienske presidenten Lula da Silva og argentinske Kirchner ved roret. EU ville ikkje gje Mercorsur tilstrekkjeleg marknadstilgang på jordbruksprodukt og Mercosur på si side ville verne  telesektoren, der EU hadde store interesser.

Dei nyliberale handelsavtalene til EU var kunn interessante for den høgreorienterte regjeringane i Colombia og Peru, og EU inngjekk såleis bilaterale avtaler med desse[iv].

Correa har nyleg tatt til orde for nye forhandlingar med EU, truleg etter press frå bananlobbyen, men den ecuadorianske presidenten har understreka at det ikkje kan bli noko klassisk frihandelsavtale[v]. Og Då Dilma Roussef tok over som president i Brasil i 2010 starta forhandlingane også opp igjen mellom Mercosur og EU. 

Regional solidaritet og kolonial splitt og hersk

Brasil og Uruguay har klare sine forhandlingsposisjonar og president Roussef uttalde nyleg at ho trur Mercosur vil ha klart sitt tilbod innan utgangen av året. Då utanriksministrane frå Mercosur møttes i Caracas i haust gjorde dei det imidlertid klart at ei avtale med EU berre er aktuell dersom ulikskapen mellom dei to blokkane anerkjennast, og dei søramerikanske landa får fortsetje den sosiale politikken som har ført til mindre forskjellar og auka vekst[vi].

EU som har arbeida for ei frihandelsavtale med regionen sidan 1999 vil helst inngå bilateralt samarbeid med Brasil. Brasil er den klart viktigaste handelspartnar for EU I Latin-Amerika. 37 prosent av all handel mellom dei to regionane går mellom Brasil og EU. Forhandlingane med Mercosur inngår utan tvil i EU sin uttalte råvarestrategi, og Brasil blir sett på som ein viktig marknad for europeiske varer. Mange europeiske selskap (også norske) har etablert seg i Brasil og til trass for at landet ikkje inngår investeringsvernavtaler (BITS) så uttalte visepresident for indsuri i den Europeiske Kommisjon, Tajini, at landet ikkje berre er viktig handelsmessig – men også industrielt.  

Men sjølv om president Roussef har latt jordoligarkiet dominere handelspolitikken, så vil EU slite med sin klassiske splitt og hersk metode i forhandlingar med søramerikanarane. Det regionale samarbeidsklimaet i Sør Amerika går strekkjer seg lengre enn ALBA. Med historiske leiarar som Chavez og Lula i spissen, har regionen kome langt i å styrke bånda seg imellom.

Argentina, med den venstreorientere Kristina Fernandez i spissen, har terga EU sidan regjeringa renasjonaliserte delar av det største oljeselskapet i 2012. Selskapet var nemleg eigd av spanske Repsol. Geopolitiske musklar kan koste, og EU har sidan skulda Argentina for proteksjonistisk politikk og forsøkt å splitte Mercosur ved å nekte forhandlingar med Argentina. Men Rouseff har ikkje gått med på nokon bilateral forhandling med EU. Tvert imot har ho foreslått at også det nyaste Mercosur medlemmet Venezuela skal med. Venezuela er om mogleg endå meir forhatt blant europeiske utanriksministrar enn Argentina.

Det byrjar imidlertid å haste for brasilianske næringsinteresse å inngå ei ny avtale med EU då landet  mister handelspreferansane i 2014 som følgje av at dei no er klassifisert som eit øvre mellominntektsland. Så vil tida vise om Rossef let nabosolidariteten gå foran dei matlobbyen.  

Artikkelen stod på trykk i Nei til EUs tidsskrft, Vett nr 1 2014


[ii] ALBA er eit handelssamarbeid mellom Ecuador, Venezuela, Bolivia, Nicaragua og ei rekkje caribiske øystatar.

[iii] Dette er hovudproblemet med dei såkalla andregenereasjonsavtalene – dei omfattar langt meir enn tollredukasjonar og gjer det vanskeleg for avtalepartane å føre ein aktiv næringspolitikk.

[iv] http://bilaterals.org/?-EU-CAN-

 

Flere nyheter

Kontakt

Handelskampanjen
Postadresse:
Handelskampanjen c/o Utviklingsfondet
Mariboes Gate 8, 0183 Oslo


.(JavaScript must be enabled to view this email address)

Kontakt oss | Søk | English | .(JavaScript must be enabled to view this email address)

Nettsider finansiert av Refleks -
utenrikspolitisk ordskifte
Nettsider fra noop