Handelskampanjen

Handelskampanjen

Handelspolitisk teknokrati

Debatten rundt handelspolitikken har økt tydelig det siste året. Les kommentaren fra leder i Handelskampanjen Heidi Lundeberg.

Kommentaren sto på trykk i Dag og Tid 20.03.2015

Politiske parti og fagforbund krev meir openheit, men ikkje ein gong då EU offentleggjorde Tisa-mandatet, ville UD gje etter.
 
Regjeringa offentleggjorde denne veka det som vert kalla norske posisjonar til forhandlingane som går føre seg om tenestehandelsavtala Tisa. Utanriksdepartementet (UD) har sidan forhandlingane starta for to år sidan, vorte kritisert for manglande openheit og informasjon. 
 
Då EU offentleggjorde sitt mandat sist veke, vart UD spurd om norske styresmakter kunne vere dårlegare. Departementet la openbert ikkje si ære i å vere like demokratiske som EU, for dei svara i fyrste omgang at dei ikkje ville offentleggjere mandatet. Nokon må ha funne ut at dette var ein litt dårleg strategi, og nokre dagar etter kom ei nettsak med tittelen «Norske Tisa-posisjonar». 
 
Det er ikkje fyrste gong departementa (Tisa og WTO ligg under UD, medan Efta-frihandelsavtaler ligg under NFD) har halde informasjon om handelsforhandlingar som går føre seg, tett til brystet. Handelspolitikken er unndregen debatt. Avtale etter avtale vert forhandla bak lukka dører og fyrst når heile pakka er signert, pakka og klar, vert ho offentleggjord og send til Storting for ei pro-forma-handsaming. Talet frihandelsavtaler som er inngått det siste tiåret, er for mange til at me kan telje dei på fingrane, men talet konsekvensutgreiingar og høyringar kan teljast med to fingrar. 
 
Folk har likevel sett seg lei av teknokratiet. Både innanfor og utanfor Stortinget har ordskiftet om handelspolitikken auka tydeleg siste året. Årsaka er dei såkalla Tisa-forhandlingane og dei forhandlingane som går føre seg om ei avtale mellom USA og EU (TTIP). Fagrørsla er uroa for den norske velferdsstaten, for offentleg sektor og lokalt demokrati. Bonderørsla er svært uroa for mat, og Forbrukarrådet fryktar kyllingar dyppa i klor (jau - det er faktisk sant, dei gjer det i USA). Alle krev meir openheit og debatt om handelsavtalene. Engasjementet gjev atterklang på Løvebakken. 
 

"Om regjeringa vil stille all uroa rundt avtala, så er det vel berre å leggje korta på bordet?" 

 
UD garanterer at ingen treng å uroe seg, at det ikkje kjem på tale å liberalisere offentleg sektor eller røre ved det politiske handlingsrommet. Dersom det er så skråsikkert, så kan det vel heller ikkje vere problematisk å gje informasjon om forhandlingane, eller ein skikkeleg analyse av konsekvensar Tisa vil få i Noreg, slik me gjentekne gonger har bede om. 
 
Om regjeringa vil stille all uroa rundt avtala, så er det vel berre å leggje korta på bordet? For kven vert vel ikkje skeptiske til hemmelegheitskremmeri? Eit fyrste steg kan vere å offentleggjere Tisa-mandatet, det offisielle dokumentet, og ikkje ei fillenettsak som gjev oss denne informasjonen: «[Norge] skal i forhandlingene arbeide for at våre offensive og defensive interesser blir ivaretatt på best mulig måte. » 
 
Flere nyheter

Kontakt

Handelskampanjen
Postadresse:
Handelskampanjen c/o Utviklingsfondet
Mariboes Gate 8, 0183 Oslo


.(JavaScript must be enabled to view this email address)