Handelskampanjen

Handelskampanjen

Globalt tenestedirektiv i valtider

Leiar i Handelskampanjen krev at Noreg trekk seg frå forhandlingane om ei ny internasjonal tenesteavtale. Regjeringa vart med i all hemmelegheit, og vegen mot eit globalt tenestedirektiv er udemokratisk. Les kronikken til Lundeberg, og debatten som har følgt her!

Den raudgrøne regjeringa markerte seg positivt på den internasjonale solidaritetsarenaen då dei trakk tilbake krav til utviklingsland om frislepp av private aktørar innan vatn og utdanning i 2005. Det er trist om dei rundar av Soria Moria 2-perioden med å gjere det motsatte.

I all hemmelegheit vart Really Good Friends of Services (20 land inkludert Noreg, EU og USA) tidleg i 2012 einige om å forhandle ei ny tenesteavtale. Forhandlingane har som mål å kome meir eller mindre i mål innan ministermøtet i Verdas Handelsorganisasjon (WTO) i desember 2013.

Med Doha-runden i WTO frå 2001 vart det lova at dei skeive forholda mellom utviklingsland og industrialiserte land og mellom private og offentlege interesser skulle rettast opp. Det er no klart at det ikkje vert noko Doha-avtale. Dei skeive forholda mellom fattige og rike land, mellom privat og offentlege interesser vil ikkje bli retta opp. Samstundes har sterke lobbyorganisasjonar frå USA og EU fortsatt å arbeide for ytterlegare privatisering og liberalisering. Får dei ikkje multilaterale avtaler på plass gjennom WTO, så samlar dei grupper av land for å få til såkalla plurilaterale avtaler.

Dette er EØS og GATS pluss. Er du blant dei som bekymra seg for at politisk handlingsrom i Noreg skulle svekkast av GATS og tenestedirektivet, bør dei pågåande tenesteforhandlingane gjere deg stressa. Dei som lobbar for avtale snakkar om marknadstilgang ute, men lite om at globale aktørar får tilgang til offentlege tenester i Noreg, eller at handlingsrommet for regulering av miljø, klima og arbeidsmiljø svekkast.

Rammene for forhandlingane går mykje lengre enn tidlegare avtaler. Der det enkelte land gjennom GATS forplikta seg til liberalisering av enkelte sektorar (positiv listing) snakkar dei kjempegode tenestevenene no om liberalisering av alle sektorar der det enkelte land kan unnta eit fåtal tenestesektorar frå avtala (negativ listing). For å sei det enkelt: minst 90 prosent av alle tenester skal liberaliserast. Utanlandske aktørar skal behandlast likt med nasjonale tenestebyderar, og sjølv om situasjonen endrar seg vil det ikkje vere lov å reregulere sektorar som er liberaliserte (standstill). Lovnad til dei globale selskap er lovnad for evig.

Sett frå norsk perspektiv er avtala illevarslande. Fleire av dei kjempegode tenestevennene (deriblant Australia) har lagt på forhandlingsbordet tenestesektorar som utgjer grunnlaget i den norske velferdsstaten. Var du med og kjempa mot postdirektiva? Vel no får du hovudbry igjen, for posttenester er eit av EU sine største interessefelt i tenesteavtala.

I Noreg har vi tradisjonelt hatt ei blanding av offentlege og ideelle organisasjonar som har levert og utvikla tenester for innbyggjarane. Men i tenesteavtala er offentlege tenester berre unnatekne dersom det ikkje finst nokon private tilbydarar eller kommersielle tilbod av tenestene. Slike sektorar finst nesten ikkje i Noreg eller nokre andre plassar – vi må derfor rekne med at alle offentlege tenester kan råkast av denne avtala.

Vidare er den norske modellen tufta på forhandlingar mellom arbeidsgjevar og tilsette sine organisasjonar.  Om slike avtaler avgrensar eigarane sitt høve til profitt, så kan dei kjennast ugyldige. I tillegg kan nye reglar som hindrar investorane sin profitt, dømmast ulovlege i WTO, og vi kan få sanksjonar mot oss. Slike internasjonale avtalar fører ofte til angst for å lage nytt nasjonalt lovverk som kan verne om helse, miljø og sikre betre arbeidsmiljø og betre fordeling.   

Usolidarisk av Noreg. Gruppa Noreg inngår i opptrer svært usolidarisk ovanfor fattige land, som helst ikkje vil ha nokon avtale. Det er sjølvsagt nokre utviklingsland som ynskjer ein avtale, men blant dei asiatiske landa er det tigrane som deltek – ikkje dei landa me i utgangspunktet tenkjer på som fattige. I Latin-Amerika er det dei høgreorienterte landa som deltek, medan sentrumsorienterte land som regulerer tenesteøkonomien, tvert imot har teke til orde for reforhandling av GATS i ljos av finanskrisa, og behov for meir demokratisk kontroll med sine samfunn. Det bør blinke raude lamper når ein kan konstatere at INGEN afrikanske land ser seg tent med ei slik avtale.

Det var ikkje utan grunn at utviklingsland etter utviklingsland gjekk på talarstolen under ministermøtet i WTO i 2011 og åtvara mot oppblomstringa av plurilaterale avtaler. Verdas supermakter EU og USA har erklært at dei forhandlar slike avtaler med mål om at dei skal bli globale på sikt. Strategien er enkelt og greitt å forhandle fram avtaler mellom partar som er einige for deretter å (i) harmonisere eksisterande og framtidige bilaterale og regionale frihandelsavtaler  med denne avtala, og (ii) setje signering av avtala som krav til nye WTO medlem, og som krav for lån og bistandsmidlar.

Ein treng ikkje master i statsvitskap for å vurdere dette som ein svært udemokratisk måte å få i stand globale avtaler på. Eit fokus vekk frå multilaterale forhandlingar og over på plurilaterale forhandlingar som sidan er tenkt å kunne omfatte alle, er ei autoritær utvikling av det internasjonale regelverket. Sidan fleirtalet av dei rike landa er med i forhandlingane, medan fleirtalet av verdas utviklingsland ikkje deltek, så mister utviklingslanda forhandlingsmakt. Ved å forhandle avtale for avtale utan å sjå samanhengen, mister også utviklingslanda forhandlingskort i dei delane av WTO som har stått som mest sentrale for dei.

Noreg bør altså trekkje seg frå forhandlingane om ei ny tenesteavtale. Det ville vere synd om den raudgrøne regjeringa avsluttar med å inngå inngå ei avtale som ein starta så fint med å avslutte. Det var ei modig og solidarisk regjering som trakk krav om liberalisering av offentlege tenester og tenester relatert til vatn i 2005, me vil ha ei modig og solidarisk regjering i valet i 2013.         

Kronikken stod på trykk i Klassekampen 7.6.2013

Flere nyheter

Kontakt

Handelskampanjen
Postadresse:
Handelskampanjen c/o Utviklingsfondet
Mariboes Gate 8, 0183 Oslo


.(JavaScript must be enabled to view this email address)